Dei før oss

Frå gammalt av var det 4 bruk i Haver.  Før utskiftinga i1905 var det to heimehus der to og to familier budde saman. Etter utskiftinga bygde familiane kvar sitt hus. For vårt bruk (89/2 )sin del vart husa sette opp i 1908/09.

Familiane dreiv sjølvberging på småbruka sine, i tillegg deltok mennene på fiske, både fra robåtar og frå større fiskebåtar.  Og fleire av mennene gjekk på anleggsarbeid i periodar.

Dei før oss.
Sivert Haver (1847 – 1913) kom fra Vatnamot.  Han var gift med Sibilla Margareta (1852 – 1951) f. Lunden fra Sirevåg.  Det var sonen deira, Ole Tobias Haver (1876- 1958) og kona hans, Katarina f. Svanes (1877 – 1908) som dreiv bruk nr. 2.  Ifølge «Norges Bebyggelse» vart hus og løe bygd i 1908 – same året som Katarina døde.

  OleTobias gifta seg igjen med Anna Marie f. Jakobsen (1877 – 1966) frå Sirevåg, og det var den yngste sonen deira, Georg (1920 – 2009) som overtok garden.  Georg gifta seg med Karen f. Tårland (1927- ), og det fekk ungane Marit (1953), Odd (1957), Emil(1959), Kjell (1962), Gaute (1965) og Kjellaug (1969). Vi overtok bruket etter desse arvingane i 2012.