Ein slags tilknytning

Då vi kjøpte eiendommen i 2012 hadde vi ingen aning om at vi kunne ha nokon slags tilknytning til staden.  Men etter at mor mi Margit Steinnes  (f. Skrettingland), fortalte om at dei i gamle dagar ( på 1930/1940-talet) reiste med hest og kjerre fra Skrettingland i Varhaug på søndagsbesøk til slekt i Stølen – ei heil dagsreis – så fant eg fram til denne tilknytninga.

Ingeborg Gurine (Guri) Skrettingland (1867 – 1954) vart gift med Gunnar Eilerts. Stølen (1880 – 1911).  Gunnar var heradskasserar i  Ogna og dreiv heimegarden i Stølen.  Og Guri var lærar ved Vatnamot skule.  Og denne Guri var søster til min oldefar Ådne Skrettingland, og altså tante til min bestefar, Nikolai Skrettingland.  Saman med familien drog altså mor mi som barn, av og til på søndagsbesøk til Stølen.  Og frå gamalt av var Stølen ein del av, og seinare utskilt frå Haver. 

Guri og Gunnar fekk fire barn, men tre av dei døde som barn, og den fjerde blei fødd etter at Gunnar døde i 1911.  Han fekk navnet Gunnar Gerhard Stølen (1911 – 1986).  Etter første verdenskrig fekk Guri utbetalt ei erstatning frå den amerikanske staten, etter at bror til henna avdøde mann fall som amerikansk soldat.  Desse pengane blei brukte til Gunnar Gerhard si utdanning.  Han gjekk på Bryne landsgymnas, og studerte ved NTH  i Trondheim.  I 1952 fekk han stipend frå Rockefeller Foundation og var 1 år ved universitetet i Pittsburg.   Han busette seg i Bergen.  

Asgaut