Havrahesten

Havrahesten er eit eldgamalt sjømerke – ein stor stein med ein varde oppå- rett innanfor det som heiter Havstangen i Haver. Sett frå den rette vinkel kan det sjå ut som ein hest med lyfta hovud.  Havrahesten var avmerkt på sjøkart alt i 1708.

Det vert fortalt at ein gong gamle Palle i Haver  var i byen på Marken, så kom han i beit for pengar.  Ein av forklaringane var at han tapte i kortspel og trong pengar for å gjere opp for seg.   Som den oppfinnsomme mann han var, så selde han likegodt hesten – Havrahesten.   Rett nok advara han om at hesten kunne vere noko sta, men det såg kjøpar  bare som ei utfordring.  Korleis det gjekk dagen etterpå når kjøpar kom for å henta hesten, seier soga ikkje noko om.

Når vi les Rogaland Historielag sitt årsskrift 1942, kan det tyde på at Havrahesten vart seld fleire gonger.